Lør
Skodde
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Nordaust 1.9 m/s 
Trykk: 1020.2
Dato: 23.11.2019
Søn
Skya
Nedbør: 0.1 mm
Vind: Flau vind fra Nordaust 1.4 m/s 
Trykk: 1022.6
Dato: 24.11.2019
Man
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust-nordaust 1.8 m/s 
Trykk: 1015.1
Dato: 25.11.2019
Tirs
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Nordaust 2.0 m/s 
Trykk: 1006.0
Dato: 26.11.2019
Ons
Sludd
Nedbør: 2.2 mm
Vind: Lett bris fra Nord-nordaust 4.3 m/s 
Trykk: 995.3
Dato: 27.11.2019
Sørum StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Sørum

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Sørum
Indre Akershus Blad
Jobb Sørum
Leie Sørum
Romerikes Blad
Sørum Kommune
Torget Sørum

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Veidekke får storoppdragNRK Sogn og Fjordane
Veidekke er innstilt til å få kontrakten med å bygge nytt somatikk-bygg med Førde sentralsjukehus. Dermed tapte den lokale entreprenøren Åsen & Øvrelid jobben med nybygg og ombygging på sjukehuset. Kontrakten har ein verdi på om lag 900 millionar.
2019-11-22 14:44:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jordskjelv i SognNRK Sogn og Fjordane
I føremiddag vart det registrert eit mindre jordskjelv i Sogn og Fjordane, opplyser nettstaden jordskjelv.no. Skjelvet skjedde kring 15 kilometer aust for Kaupanger, og hadde ein liten styrke på 1,2 på Richters skala.
2019-11-22 13:38:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årdal ? Tyin stengt i tre vekerNRK Sogn og Fjordane
Frå 25. november til 15. desember blir det heilt stengt gjennom Ljoteli på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru. Det skal sprengast ut forskjering, og det er ikkje mogeleg å ha trafikk gjennom området medan dette arbeidet held på, opplyser Statens vegvesen. Det er omkøyring via Lærdal og Filefjell eller Hemsedal for dei som skal austover.
2019-11-22 13:22:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slutt på stengingarNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet med å oppgradere Vadheimstunnelen på fylkesveg 55 mellom Vadheim og Høyanger er ferdig to månader tidlegare enn planen, skriv avisa Ytre Sogn. Det betyr at det vert slutt på stengingar og kolonnekøyring alt frå årsskiftet.
2019-11-22 13:09:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To skadde i trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
To personar er sende sjukehuset i Førde etter at to personbilar kolliderte på riksveg 5 ved Kvåle i Sogndal. Sjåførane, ein mann i 60-åra og ei kvinne i 90-åra, var åleine i bilane. Politiet opplyser at ulukka skjedde i krysset ved avkøyringa til Kvåle, like nord for sentrum. Førarkortet til kvinna er inndrege.
2019-11-22 11:58:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hærverk på skisenterNRK Sogn og Fjordane
Vik skisenter har den siste tida vorte utsett for hærverk av bilførarar som brukar idrettsanlegga til tylekøyring, skriv Sogn Avis. ? Dette er heilt forkasteleg, seier Bjartmar Rinde, leiar i Vik idrettslag. Idrettslaget melder no hærverket på skisenteret til politiet.
2019-11-22 09:52:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet vil ikkje starte granskingNRK Sogn og Fjordane
Politiet tek ikkje sjølvkritikk for at dei ikkje rykte ut då dei fekk melding om trugsmåla til den drapssikta 27-åringen natta før drapet i Florø. ? Vi vurderte at det ikkje var fare for liv og helse i denne saka, seier leiar for Felles eining for operativ teneste, Kjetil Rekdal i Vest politidistrikt til Firdaposten. Politiet valde å ikkje rykke ut, men bad innringarane om å gå ut av huset og vise vekk mannen sjølve, trass i at dei var redde og meinte mannen var psykotisk.
2019-11-22 09:04:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avviste grunnleggjar på opningNRK Sogn og Fjordane
Grunnleggjar og tidlegare medeigar i bedrifta SafeClean i Høyanger, Johnny Litzheim, vart avvist og nekta tilgjenge då bedrifta skulle ha offisiell opning av nye lokale på Kyrkjebø, skriv porten.no. Litzheim kallar det respektlaust. Noverande eigar og tidlegare kompanjong, Jon Refsnes (biletet), vedgår at Litzheim, var invitert, men at programmet var endra frå ein open dag til eit fagseminar for spesielt inviterte.
2019-11-22 07:45:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Museum forfellNRK Sogn og Fjordane
Fleire bygningar i Astruptunet i Jølster er i raskt forfall, skriv Firda. Blant anna lek taket i hovudhuset i, og det hastar med å få gjort tiltak, meiner kurator i Musea i Sogn og Fjordane, Sveinung Søyland Moen. Tre av dei fem bygningane i tunet har større skadar. ? I verste fall risikerer at publikum vert skada, skriv Astrupnemnda i eit brev til Sunnfjord kommune, ifølgje Firda Tidend.
2019-11-22 07:34:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil flytte frisørlinjeNRK Sogn og Fjordane
Den tradisjonsrike frisørutdanninga ved Høyanger vidaregåande skule kan bli flytta til Eid. Det melder avisa Ytre Sogn. Det er fylkesdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune, som kjem med tilrådinga.
2019-11-21 20:48:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok med kokain på MalakoffNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra frå Sunnfjord må betale 10.000 kroner i bot etter at han blant anna blei tatt med ei brukardose kokain under Malakoff rockfestival i sommar.
2019-11-21 19:25:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krev å få fellingsløyveNRK Sogn og Fjordane
Sauebønder i fylket reagerar på at dei ikkje får fellingsløyve på ulven som har herja i Ytre Sogn og Sunnfjord, sidan i fjor sommar. Ragnhild Sæle i Sau- og geit meinar at dei burde få fornya løyvet, då ulven har vore i området over lang tid.
2019-11-21 15:41:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må kutte mjølkeproduksjonenNRK Sogn og Fjordane
Mjølkekvoten for kumjølk skal bli kutta med 2 prosent i 2020, skriv Fjordingen. Det slo Landbruks ? og matdepartementet fast denne veka. Både Bondelaget, Småbrukarlaget og Tine er samde i kuttet som kjem i tråd med kutt i eksportstøtta.
2019-11-21 09:27:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg app til millionar på isNRK Sogn og Fjordane
SFE sin Smathus-app, Flikk, vart ikkje motteke godt nok, skriv Firda. Difor har selskapet no valt å legge vekk appen, trass i at han kosta millionar å utvikle. Årsresultatet for bedrifta enda med 5,4 millionar kroner i minus.
2019-11-21 08:10:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstillingar på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Avgangen frå Lavik kl. 21.10 og frå Oppedal kl. 21.40 går ut, melder Norled. Innstillingane skuldast «nødvendig lading og vêrforhold.»
2019-11-20 21:19:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso.
2019-11-20 20:52:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny styreleiar i Bremanger HamnNRK Sogn og Fjordane
Elisabeth Birkeland Hatlenes (H) er ny styreleiar i KF Bremanger Hamn, skriv Firdaposten. Hatlenes tek over etter Kåre Jarl Langeland (V).
2019-11-20 20:18:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oljesøl i SløvågNRK Sogn og Fjordane
Det blei i ettermiddag registrert oljesøl i sjøen ved Sløvåg i Gulen, skriv Porten.no. Brannsjef Sigvald Kvinge seier til nettavisa at sølet skuldast overfylling av ein tank hos verksemda Wergeland-Halsvik AS. Kvinge seier oljen i utgangspunktet er ufarleg, og trur ikkje den vil skade fulge- og dyrelivet i området. Verksemda vil no sjå nærare på kva som har skjedd.
2019-11-20 19:19:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso.
2019-11-20 18:43:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilling på Vangsnes-HellaNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Vangsnes-Hella blir i kveld og torsdag kveld midlertidig innstilt mellom kl. 23.20 og 01.40. Innstillinga skuldast vegarbeid, melder Statens vegvesen.
2019-11-20 17:26:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjeproblem på SognefjordenNRK Sogn og Fjordane
Uver og lading stoppar ferja på Lavik - Oppedal på E39 over Sognefjorden. Det blir ingen avgang frå Lavik klokka 1610 eller frå Oppedal klokka 1640.
2019-11-20 16:27:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har inngått forlikNRK Sogn og Fjordane
Nordplan og Trivselshagen har inngått forlik i tvistesaka om badeanlegget i Trivselshagen på Sandane, skriv Firda. Anlegget var stengt i over eitt år i 2016 og 2017. I forliket kjem det fram at Trivselshagen ikkje kjem til å forfølge krav mot Nordplan knytt til skadane som oppstod i symjeanlegget. Feil ved prosjektering av varmepumpeanlegget inngår i forliket.
2019-11-20 16:15:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opphevar formannskapet i GulenNRK Sogn og Fjordane
Det nyvalde formannskapet i Gulen kommune oppfyller ikkje reglane om kjønnsrepresentasjon i kommunelova. Dermed opphevar fylkesmannen i Vestland heile formannskapet. Kommunen må no halde eit nytt val.
2019-11-20 14:28:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Støttar vedtak om å sparke styre NRK Sogn og Fjordane
Stiftingstilsynet sitt vedtak der dei gav styret ved Måløyraidsenteret sparken for manglande økonomistyring, blir støtta av Stiftingsklagenemnda. Det tidlegare styremedlemmene klaga på at dei fekk sparken, men nådde ikkje fram. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på. Senteret gjekk mot millionunderskot og konkurs, men ei ekstraløyving frå Kinn kommune redda det viktige krigssenteret (biletet).
2019-11-20 13:24:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje meir til fysioterapeutNRK Sogn og Fjordane
Formannskapet i Gloppen vil ikkje auke driftstilskotet til fysioterapeut Bertel Rune Kaale (biletet) med meir enn 60 prosent. Dermed støttar dei vedtaket i helse- og omsorgsutvalet. Kaale som driv Firda fysikalsk medisinsk senter har bede om ein auke på 200 prosent, og har truga med å flytte dersom ikkje kravet blir innfridd. Ei eiga støttegruppe har stått på for Kaale, men dei har ikkje vorte høyrt.
2019-11-20 12:51:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ankar ikkje frifinningNRK Sogn og Fjordane
Påtalemakta ankar ikkje frifinninga av ein mann i 20-åra etter dødsulukka i Raubergtunnelen i Lærdal for to år sidan. Ein syklist i 80-åra omkom av skadane då han vart køyrt på av ein bil. Tingretten meinte bilføraren ikkje kunne lastast for ulukka.
2019-11-20 12:51:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje stenge cruisekaiNRK Sogn og Fjordane
? Det er uaktuelt å stenge cruisekaia på Nordfjordeid sjølv om eit miljøvenleg landstraumanlegg ikkje kjem på plass, seier John Olav Lefdal (bildet) som er sjef for cruisekaia. Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) har lova at landstraumanlegg vil kome, men det er framleis heilt uvisst om det vil skje. Lefdal har inngått avtale med kommunen om å drive cruisekaia i 50 år.
2019-11-20 11:22:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

115 millionar i overskotNRK Sogn og Fjordane
Fjord1 hadde i tredje kvartal eit overskot etter skatt på 115 millionar kroner. Omsetnaden vart på 705 millionar kroner. Selskapet reknar med at omsetnaden aukar når nye kontraktar startar opp 1. januar 2020. Fjord1 har i dag 17 hybridelektriske fartøy i ferjeflåten. Innan andre halvår 2020 aukar talet til 30.
2019-11-20 10:46:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer E16 i periodarNRK Sogn og Fjordane
E16 i Aurland blir i periodar i dag stengd ved Fretheimstunnelen, nord for Flåm. Politiet skal gjera oppmålingar og skanning av vegen etter dødsulukka i byrjinga av november. Vegen blir heilt stengd i inntil 20 minutt mellom kl. 0930 og kl. 1100.
2019-11-20 07:40:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-11-19 20:37:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Protesterer på forslagNRK Sogn og Fjordane
Sogn regionråd protesterer på eit forslag om å overføre skatteoppkrevjinga til staten. Regjeringa vil legge ned fleire hundre kommunale skatteoppkrevjingskontor. Regionrådet meiner forslaget vil føre til redusert kvalitet på tenesta.
2019-11-19 20:14:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at det er ope for trafikk på Vikafjellet. Eit vogntog fekk trøbbel på fjellovergangen og måtte bli berga.
2019-11-19 19:28:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vann prøve-EMNRK Sogn og Fjordane
Sogndal-spelarane Eirik Lereng og Sivert Mannsverk kunne løfte gullpokalen etter at U19 landslaget i fotball vann prøve-EM. Laget spelte uavgjort mot Portugal, men slo både Nord-Irland og Tyskland.
2019-11-19 18:31:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen klokka 18.49NRK Sogn og Fjordane
2019-11-19 18:23:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber skikøyrarar vere varsame NRK Sogn og Fjordane
Tinderettleiar i Bre og Fjell, Halvor Dannevig, ber alle skikøyrarar vere ekstra varsame i fjellet med vêret som er no. Fleire personar blei tekne av eit mindre skred på Sognefjellet i førre veke, skriv Porten.no.
2019-11-19 18:10:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gloppar skal spele for VålerengaNRK Sogn og Fjordane
Fotballspelaren Sigrid Heien Hansen frå Sandane skal spele for toppserieklubben Vålerenga til neste sesong, skriv VG. Dei siste tre åra har ho spela for Oslo-laget Kolbotn. Førebels har Hansen skrive under ein eittårskontrakt med Vålerenga.
2019-11-19 16:47:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Farleg glattNRK Sogn og Fjordane
Ein NRK-tipsar melder om at det er farleg glatt ved Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger kommune.
2019-11-19 15:12:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Eit vogntog har fått problem på riksveg 13 over Vikafjellet. Vegvesenet opplyser at det er redusert framkome, og at store køyretøy kan få problem med å passere.
2019-11-19 13:23:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet er opnaNRK Sogn og Fjordane
Sognefjellet er opna for trafikk att. Fjellovergangen har vore stengd sidan i går på grunn av dårleg vêr. Statens vegvesen opplyser at overgangen blir nattestengd frå klokka 20.
2019-11-19 13:22:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Startar tilsynNRK Sogn og Fjordane
Fylkeslegen har bestemt seg for å gjennomføre eit tilsyn med kommunehelsetenesta i Flora og Helse Førde etter drapet i Florø. Den sikta var i kontakt med både politiet og helsetenesta i timane før drapet.
2019-11-19 12:48:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen avhøyr av den siktaNRK Sogn og Fjordane
Den sikta mannen etter Florø-drapet blir ikkje avhøyrt tysdag. Han blir flytta til det psykiatriske sjukehuset i Sandviken i Bergen. Politiet kjem til å gjere nye vurderingar kvar dag, og håpar å få intervjue mannen så snart som råd.
2019-11-19 12:39:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet opna attNRK Sogn og Fjordane
Vogntoget som i føremiddag køyrde seg fast på hordalandssida av Vikafjellet, har kome seg vidare. Det melder Statens vegvesen, som no har opna fjellovergangen att.
2019-11-19 11:29:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Sonen har det vanskelegNRK Sogn og Fjordane
Sonen til kvinna som fredag vart drepen i Florø blir teken hand om av kommunen sitt kriseteam. Til Firdaposten seier mannen sin advokat, Lene Knapstad, at mannen har det vanskeleg. Kvinna og sonen var på besøk i Florø. Ein mann i 20-åra vart søndag varetektsfengsla i fire veker etter drapet.
2019-11-19 11:11:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fryktar for 32 tilsetteNRK Sogn og Fjordane
Vert skatteordninga for småkraftverk, som no er ute på høyring vedteken, kjem 32 tilsette i Dale til å miste jobben. Det seier Bjarte Skår i Br. Dahl si avdeling for vasskraft i Dale til Firda. Avdeling sysselset 32 personar, og ser ut til å lande på ei årsomsetning for 2019 på rundt 450 millionar kroner.
2019-11-19 09:59:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventar med SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Sognefjellet skulle etter planen vurderast opna i morgontimane tysdag. Denne vurderinga er utstett til klokka 12 melder Statens vegvesen. Fjellovergangen er stengd på grunn av uvêr.
2019-11-19 08:32:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Held fram bak rattetNRK Sogn og Fjordane
Håvard Hallerud frå Førde tek ein ny sesong i Formula Nordic. Årets nykommar er den første av årets førarar som stadfestar at han blir å finne bak rattet også i 2020. 21-åringen, som køyrer for Team Greenpower, vann sesongavslutninga på Mantorp.
2019-11-19 07:23:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegen i LærdalNRK Sogn og Fjordane
Ein person er send til legevakt for sjekk etter å ha køyrt av vegen på Eristrekka i Lærdal. Politiet fekk melding om hendinga klokka 0630. Ingen andre køyretøy var involverte. Politiet kan ikkje seie noko om årsaka til ulukka, mn det skal vere glatt i området. Det er no manuell dirigering forbi ulukkesstaden.
2019-11-19 06:46:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog havarerteNRK Sogn og Fjordane
Bogstunnelen på E39 i Høyanger var stengt på grunn av bilberging, men er no open att, melder Statens vegvesen.
2019-11-18 21:57:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjekai vert nattestengdNRK Sogn og Fjordane
Vangsnes ferjekai vert nattestengt natt til onsdag og natt til torsdag, melder Statens vegvesen. På grunn av vedlikehaldsarbeid vert siste avgang frå Hella kl. 22 og siste avgang frå Vangsnes kl. 22:20.
2019-11-18 21:44:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55 her NRK Sogn og Fjordane
2019-11-18 20:49:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avslutta med sigerNRK Sogn og Fjordane
Mathias Sundberg frå Sogndal og Thomas Hallstensen frå Florø var med på å slå Russland 1?0 i dag. Dette var G17-landslaget sin siste kamp i Pinatar-turneringa i Spania.
2019-11-18 20:36:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Få bønder igjenNRK Sogn og Fjordane
Årdal bondelag vurderer samanslåing med bondelaget i Lærdal, skriv Sogn Avis. Årsaka er at det er så få aktive bønder igjen i Årdal, seier leiar Ole Bjarne Hovland til avisa.
2019-11-18 18:55:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nominert til frivilligprisNRK Sogn og Fjordane
Knut Skår frå Norske Redningshundar i Sogn og Fjordane er nominert til den nasjonale Frivilligheitsprisen for 2019. Han er ein av seks finalistar. Prisen vert delt ut i Oslo 5. desember, og bak prisen står kulturdepartementet, Norsk Tipping og organisasjonen Frivillighet Noreg.
2019-11-18 18:53:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis ikkje avhøyrdNRK Sogn og Fjordane
Måndag kveld er det framleis ikkje gjort avhøyr av mannen som er sikta for drap i Florø. Mannen er sikta for å ha drepe ei 51 år gamal kvinne. 27-åringen var ikkje i stand til å møte i fengslingsmøtet i går.
2019-11-18 18:03:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nytt fylkesstyre i Vestland KrFNRK Sogn og Fjordane
Beate Bondevik Lie (t.v.) frå Luster vert første nestleiar i styret til Vestland KrF. Morten Helland (midten) frå Bømlo vert fylkesleiar. Den nye leiinga blei vald i helga. Ragnhild Stav frå Fjaler er styremedlem.
2019-11-18 15:52:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire køyrde for fortNRK Sogn og Fjordane
Utrykkingspolitiet delte ut fire forenkla førelegg under ein fartskontroll på Vassenden i Jølster i dag. Fire førarar køyrde for fort, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
2019-11-18 15:06:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny sjef ved Havyard LeirvikNRK Sogn og Fjordane
Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar ved verftet i Leirvik. I hans stad har styret tilsett Erlend Hatleberg (biletet) frå Dale som ny dagleg leiar. Han er i dag prosjektleiar i bedrifta. Samstundes er det også tilsett ny produksjonssjef verftet som har store økonomiske problem.
2019-11-18 14:33:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjøper skipsdesignfirmaNRK Sogn og Fjordane
Skipsdesignfirmaet Multi Maritime i Førde har kjøpt skipsdesignfirmaet Polarny Maritime i Florø. Kjøparane er leiande i Noreg på utvikling av bil- og passasjerferjer har satsa mest på utvikling av spesialtankskip. Til saman har dei to selskapa kring 40 tilsette, dei fleste i Førde.
2019-11-18 14:27:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt over Sognefjellet NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr. Vi vil gjere ein ny vurdering tysdag morgon klokka 08:00, melder Statens vegvesen.
2019-11-18 14:08:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går internasjonale rennNRK Sogn og Fjordane
Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø (Markane) er tekne ut til verdscupopninga i skiskyting i Østersund komande helg. I tillegg går Førde-løparane Karoline Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit første runde av IBU-cupen på Sjusjøen.
2019-11-18 12:58:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nattestengjer SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkeveg 55 over Sognefjellet blir nattestengd frå klokka 20 til 08 tysdag morgon.
2019-11-18 12:31:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Havyard i store økonomiske vanskarNRK Sogn og Fjordane
Eigenkapitalen til verftsgruppa Havyard Ship Tecnologies er tapt. Det går fram av ei børsmelding til Oslo Børs. Selskapet jobbar no opp mot kundar og kreditorarar for å freiste å få sikra vidare drift. Etter det NRK kjenner til er alle tilsette ved Havyard Leirvik i Hyllestad kalla inn til allmøte. Verftet har innført betalingstopp.
2019-11-18 10:35:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen rekonstruksjon i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Det blir likevel ikkje noko rekonstruksjon av ulukka der ei 51 år gamal kvinne omkom på E16 ved Fretheimstunnelen. ? Vi treng omtrent same vêr som det var ulukkeskvelden, og det er det ikkje meldt i dag. Difor må vi utsetje rekonstruksjonen, opplyser tenestestadleiar Knut Arne Klingenberg hos politiet.
2019-11-18 07:58:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

500 vil jobbe i nye VestlandNRK Sogn og Fjordane
Rundt 500 søkjarar har meldt seg til dei om lag 100 ledige stillingane innan infrastruktur og veg i nye Vestland fylkeskommune, skriv Firda. Ei ny avdeling i fylkeskommunen skal ha kring 300 årsverk. 200 av stillingane er allereie henta frå Vegvesenet og dagens tilsette i fylkeskommunane.
2019-11-18 06:57:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Var i kontakt med politietNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for drap i Florø var i kontakt med politiet natta før drapet, skriv VG. Han vart i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet har enno ikkje fått avhøyrt mannen. Han er innlagd på sjukehuset i Førde.
2019-11-17 20:30:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt over SognefjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet vert stengd i natt, melder Statens vegvesen. Dei stengjer vegen mellom klokka 20 og klokka 8 i morgon tidleg.
2019-11-17 19:24:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klarte ikkje opprykkNRK Sogn og Fjordane
Stryn-kvinnene gjekk akkurat glipp av opprykk til 2. divisjon i fotball. Det einaste dei måtte unngå var firemålstap eller verre, men dei tapte 6?2 mot Sandnes-laget Lura i dag. Det siste målet skåra Lura på overtid, skriv Fjordingen.
2019-11-17 18:56:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-kvinnene vannNRK Sogn og Fjordane
Førde sitt kvinnelag i handball vann 24?23 heime mot Ålgård i 1. divisjon i dag. Det vart ein svært tett kamp, men med 21 sekund att på klokka, så skåra Alexandra Baesu vinnarmålet. Dei ligg dermed på 9.-plass på tabellen.
2019-11-17 15:53:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Drapssikta fengsla i fire vekerNRK Sogn og Fjordane
Mannen som er sikta for å ha drept ei 51 år gamal kvinne med kniv i Florø fredag, er varetektsfengsla i fire veker. Det har Sogn og Fjordane tingrett bestemt. 27-åringen får også brev- og besøksforbod for heile perioden, stadfestar politiadvokat Eli Valheim ovanfor NRK.
2019-11-17 15:08:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Legg vekk narkoaksjon på skuleNRK Sogn og Fjordane
Spesialeininga for politisaker legg vekk klagen frå elevorganisasjonen etter narkoaksjonen på Flora vidaregåande skule i fjor. Det melder Bergensavisen. Saka engasjerte veldig. Spesialeininga meiner politiet hadde heimel for å gjennomføre aksjonen slik den var skildra i ordren, og legg den vekk som «intet straffbart forhold anses bevist».
2019-11-17 13:30:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bidrog sterkt til sigerNRK Sogn og Fjordane
June Andenæs sette inn fem mål og bidrog med sterkt forsvarsarbeid då Vipers Kristiansand i går vann 34-28 over Podravka Vegeta i meisterligaen. Med andreplass i gruppespelet, tek Vipers med seg fem poeng inn i hovudrunda som blir spelt etter jul.
2019-11-17 13:13:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet er opnaNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er opna for trafikk. Fjellovergangen. Den høgste fjellovergangen i Nord-Europa har vore stengd sidan laurdag ettermiddag på grunn av uvêr.
2019-11-17 08:31:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna målkontoen «down under»NRK Sogn og Fjordane
Kristian Fardal Opseth scora sitt første obligatoriske mål i Australia då Adelaide United slo Central Coast Mariners i går. Kaupingen fastsette sluttresultatet til 3-1 like før pause. Med tre sigrar på rad, har Adelaide klatra til 5. plass på tabellen.
2019-11-17 08:27:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sladda vekk førarkortetNRK Sogn og Fjordane
Ein fersk bilførar vart i natt teken på fersken medan han sladda på Nordfjordeid. Politiet vart vitne til hendinga, og tenåringen vart fråteken førarkortet på staden og blir meld for brot på trafikklova.
2019-11-17 08:16:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for FørdeNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde volleyballklubb tapte i dag mot TIF Viking. Kampen blei spelt i Bergen og enda 3?1. Førde ligg på 2. plass på tabellen med 16 poeng etter sju kampar.
2019-11-16 19:52:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skåra for NoregNRK Sogn og Fjordane
Mathias Sundberg frå Sogndal skåra 1?0-målet då G17-laget til Noreg møtte England. Kampen blei spelt i Spania og enda 4?4. Også Thomas Hallstensen frå Florø spelte. ? Dei kan vere nøgde med innsatsen mot eit godt engelsk mannskap, seier Jon Navarsete. Neste kamp er mot Russland måndag.
2019-11-16 18:05:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-damene parkerte VikingNRK Sogn og Fjordane
Førde sine volleyballdamer tok laurdag sin andre siger for sesongen mot Viking. Martine Viken sytte for 19 av Førde sine poeng i kampen som enda 3-1 (25-21, 13-25, 20-25 og 23-25). Sunnfjordingane er førebels nummer seks av ni lag i eliteserien.
2019-11-16 16:55:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellsvegen stengdNRK Sogn og Fjordane
Uvêr stengjer no fylkesveg 55 over Sognefjellet. Ifølgje Vegtrafikksentralen vil det bli gjort ny vurdering i morgon klokka 09.00.
2019-11-16 16:25:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Julia sterkast i NordenNRK Sogn og Fjordane
Julia Jordanger frå Breimsbygda IL vart laurdag Nordisk meister i vektløfting for ungdom. Med 149 kg samanlagt vann ho med god margin under stemnet i Sverige. Glopparen skal i desember delta under ungdoms-EM i Israel. Nordisk-debutantane Kristen Røyseth og Henrik Reiakvam (begge 15) frå Tambarskjelvar IL i Naustdal tok høvers vis sølv og bronse i klarre 73 kg.
2019-11-16 15:42:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Promillemistanke i SognNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar er mistenkt for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Det var Utrykkingspolitiet som stogga vedkomande under ein promillekontroll i Trolladalen i Sogndal. Politiet opplyser på Twitter at førarkortet vart beslaglagt på staden.
2019-11-16 12:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kallar inn til pressebriefNRK Sogn og Fjordane
Vest politidistrikt orienterer pressa om drapet i Florø klokka 1330. Det er påtaleansvarleg Eli Valheim og politifagleg etterforskingsleiar Steinar Flaktveit som møter, for å gi siste nytt i saka.
2019-11-16 12:08:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kommune braut anbodsreglarNRK Sogn og Fjordane
Fjaler kommune braut reglane for offentleg anskaffing då dei gav ein lokal entreprenør, og ikkje Harald Kapstad i Førde, eit byggjeprosjekt ved Fjalerhallen. Det skriv Firda. Klagenemnda for offentlege anskaffingar konkluderer med at kommunen mellom anna gav motstridande opplysningar i konkurransen.
2019-11-16 09:33:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje innstilt i SolundNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Haldorsneset-Daløy i Solund er mellombels innstilt på grunn av tekniske problem. Fjord1 opplyser at det i staden blir nytta passasjerbåt for persontrafikk.
2019-11-15 21:19:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mangla vinterdekk på hengarNRK Sogn og Fjordane
Ein norsk yrkessjåfør må betale 8.000 kroner etter at han magla fire vinterdekk på tilhengaren sin. I tillegg fekk ein norsk bil køyreforbod og måtte på verkstad på grunn av feil på ABS-bremsesystemet. I alt vanka det reaksjonar mot åtte førarar under kontrollen på Nordfjordeid.
2019-11-15 20:43:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Riksveg 52 stengd i 30-40 timarNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 blir frå midnatt stengd i 30-40 timar ved Robru, mellom Gol og Hemsedal. Statens vegvesen opplyser at eit vogntog skal bergast. Det blir lokal omkøyring for personbilar, men køyretøy over 7,5 tonn må velge andre ruter.
2019-11-15 20:28:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovland såg storsiger frå benkenNRK Sogn og Fjordane
Even Hovland var unytta reserve då Noreg sine landslagsherrar i fotball leika seg til 4-0 over Færøyane. Kampen var den nest siste i kvalifiseringa til neste års EM.
2019-11-15 20:01:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen. Programleiar er Tale Hauso.
2019-11-15 18:45:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde bil etter to flasker spritNRK Sogn og Fjordane
Tidleg ein juli ettermiddag i år køyrde ei kvinne bil, sjølv om ho hadde drukke to flasker Jägermeister. Etter køyreturen med 2,23 i promille, må kvinna betale 30.000 kroner i bot og klare seg tre år utan førarkort. Fengselsstraff på 30 dagar utsett med to år om ho gjennomfører program mot ruspåverka køyring.
2019-11-15 18:38:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overtidsdrama i prøve-EMNRK Sogn og Fjordane
Både Eirik Lereng og Sivert Mannsverk fekk tillit frå start for det norske G18-landslaget i fotball mot Tyskland under prøve-EM i dag. Tyskarane tok leiinga, men tre minuttar på overtid sytte Noah Holm for norsk 2-1-siger. Noreg starta meisterskapen med å slå Nord-Irland 3-0.
2019-11-15 17:05:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er dei i same klubb attNRK Sogn og Fjordane
Fotballtvillingane Stefan og Peter Aase frå Florø blir igjen å finne i same klubb neste sesong. 24-åringane skal begge spele for 3. divisjonsklubben Lysekloster, melder haugenfotball.no. Tvillingane tidlegare representert Florø og Sogndal.
2019-11-15 16:56:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florøværing forlater BTNRK Sogn og Fjordane
Florøværingen Øyulf Hjertenes sluttar som sjefredaktør i Bergens Tidende. Han har jobba i avisa i 16 år, og vore toppsjef dei siste tre åra. Han sluttar for å bli direktør i Schibsted Kyst, samanslutninga av Schibsted-avisene langs kysten. Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen er konstituert som sjefredaktør inntil vidare.
2019-11-15 15:23:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I Årdal får du no kjærleiksgarantiNRK Sogn og Fjordane
Politikarane har bestemt at pleietrengande eldre par skal få dele rom på sjukeheimar eller i omsorgsbustadar. Det skriv Porten.no. No er kjærleiksgarantien eit eige punkt i helse- og omsorgsplanen til kommunen.
2019-11-15 11:21:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordføraropprør i StortingetNRK Sogn og Fjordane
Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) har levert inn skriftleg spørsmål til olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) der ho spør om statsråden kan garantere om vindkraftutbyggjarar får avslag, i område der politikarar og innbyggjarar har sagt nei til planane. Heggø forventar eit klart svar frå statsråden.
2019-11-15 10:50:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil sperra veg i DaleNRK Sogn og Fjordane
Ein lastebil stod på tvers i morgontimane ved Sletteland i Dale. Det blei meldt om lange køar og at det var glatt på staden. Vegen er no open.
2019-11-15 08:45:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil stoppe erstatningsordningaNRK Sogn og Fjordane
Arbeidarpartiet meiner erstatningsordninga som er føreslått for pelsdyrbøndene er så dårleg at bør skrotast. Det seier næringspolitikar Terje Lien Aasland til Nationen. Landbruksminister Olaug Bollestad frå KrF er innan kort tid venta å leggje fram den endelege forskrifta om kompensasjon til pelsdyrbøndene som må avvikle drifta innan 2025.
2019-11-15 07:42:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannvesenet rykte ut til Gulen NRK Sogn og Fjordane
Det var kraftig røykutvikling i eit hus på Kversøyna i Gulen i natt. Det var ein person i huset som kom seg ut og fekk varsla naudetatane. ? Det var truleg kortslutning i varmtvasstanken, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Hordaland, Håkon Myking.
2019-11-15 05:56:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brev mot vindkraft NRK Sogn og Fjordane
Ordførar i Høyanger, Petter Sortland har saman med fem andre ordførarar i fylket sendt ei oppmoding til kommunane som eig vindkraftsselskapet Zephyr om å stoppe utbyggingsplanar. I kampen mot vindkraft håpar han no på gehør frå eigarkommunane.
2019-11-14 21:23:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Her kan du sjå Vestlandsrevyen 18.50. Programleiar er Øyvor Bakke.
2019-11-14 18:47:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problem for ferjestrekningNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Anda-Lote har redusert kapasitet grunna tekniske problem. Rute B vert innstilt ut dagen.
2019-11-14 18:06:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal til Sverige NRK Sogn og Fjordane
Sogndal sine fotballjuniorar møter Elfsborg, Esbjerg og Mjøndalen når dei skal forsvare tittelen som skandinaviske meistrar skriv Haugenfotball.no. Dei første to kampane blir spelte i helga, medan den innleiande runda blir avslutta mot Mjøndalen fredag 6. desember.
2019-11-14 15:43:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sørum StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.